Styresmaktene krev at det skal vera eit klart skilje mellom nettselskap og kraftleverandør i same konsern. Namnet på Voss sitt nettselskap er difor endra frå Voss Energi Nett AS til Vonett AS. Me leverer dei same tenestene som før; ei sikker straumforsyning kvar dag året rundt – frå fjell til fjord.