Informasjon


Voss Energi Nett AS eig og har driftsansvaret for det elektriske regional- og fordelingsnettet i Voss kommune, totalt 1.475 km linjer og kablar. Voss Energi Nett AS overfører energi til ca 10 800 nettkundar. Nettverksemda er organisert i eit eige selskap i konsernet Voss Energi AS. Nettselskapet byggjer, driv og vedlikeheld straumnettet i Voss kommune og har vaktberedskap 24 timar / 365 dagar i året.

I menyen til nedanfor finn du meir informasjon om nettverksemda i Voss Energi Nett AS.


Nytt frå nett:

Olje – og energidepartementet (OED) har gitt Voss Energi NETT AS konsesjon til å byggja ein ny 132kV – kraftledningmellom Kjønnegard og Myrkdalen i Voss Kommune. Her finn du meir info.