Ny straummålar - AMS


Ny automatisk straummålar - Nye mogelegheiter

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vedtatt at det skal innførast automatiske straummålarar i Noreg innan 01. januar 2019. Alle nettkundar, private hushaldningar, fritdshus/hytter, burettslag, bedriftskundar og offentlege institusjoner i Noreg får ny automatisk straummålar innan denne datoen.


Elhub

Elhub er navnet på Statnett sin nye datahub, ein «sentral» som mottek, lagrar og videresender data frå den nye straummåleren din. Data om straumforbruket ditt vert vidaresendt frå Elhub og til din straumleverandør. Du trenger difor aldri å lesa av straummåleren din igjen. Elhub er operativ frå og med 18. februar 2019.

Elhub skal vera den sentrale mottakaren for måleverdiar og annan kommunikasjon i den norske kraftmarknaden. Elhub sine hovedfunksjonar er automatisert måleverdiprosessering, måleverdidistribusjon, og handsaming av prosessar som leverandørbyte, flyttingar og rapportering.

Elhub Web Plugin

Elhub Web Plugin (Plugin) er den delen av Elhub der du som kunde får tilgang til din eigen informasjon. Her finn du alle eigne målepunkt med tilhøyrende måleverdiar og kontraktar. Du som kunde får moglegheit til å styra kven som skal ha tilgang til dine data i Elhub, og kan nytta webløysinga for styring av tilgang til måleverdiar og kundeinformasjon. Det er berre du som kunde som kan sjå og endra informasjon gjennom Plugin.

Du loggar på elhub her

Meir om AMS

Morgondagens straummålar

Dagens kraftsystem vil bli smartare. Gjennom å auka bruken av smarte IKT-løysningar (IKT: Informasjons- og kommunikasjonsteknologi), kan me få til eit nytt og spennande samspel mellom energiaktørane (inklusive deg og meg) som gjer at me og samfunnet kan spara pengar samstundes som me betrar miljøet og reduserer ressursbruken.

Smart grids definerast som ein merkelapp på framtidas kraftsystem (2020/2050) kor avanserte måle- og styresystemar (AMS, smarte målarar) og kommunikasjon til alle nettkundar og anlegg spelar ein sentral rolle. Smart grids er naudsynt for å realisera mål og krav som stillast til framtidas energisystem som m.a. kjenneteiknast av auka bruk av fornybare og intermitterande energikjelder og auka grad av elektrifisering (elbil, varmepumper, industriprosessar osv.).

Tanken bak er å bidra til å utvikla morgondagens energisystem som me ynskjer skal vera:

  • meir miljøvenleg
  • meir energieffektiv gjennom last- og effektstyring
  • meir påliteleg og robust
  • sikrare
  • forbrukarfleksibilitet og enklare og raskare leverandørbytte
  • automatisk avlesing
  • prissignal
  • avrekning av faktisk forbruk

AMS målaren skal kunna registrera effektflyt i båe retningar, det vil seia både uttak og innmating. Med innmating meinast her husstandens eigenproduksjon av kraft, t.d. solcelleanlegg, vindkraftverk, men og mikrokraftverk utan separat måling.

AMS er eit system for tovegskommunikasjon og tovegsinformasjon som gjer det mogleg for nettselskapet å fjernavlesa måleverdiar. Ved eit slikt system vil det og bli registrert timeverdiar og det vil vere mogleg med både lokal og sentral laststyring.

Lokal laststyring betyr at kundar sjølve kan programmera av-/påstyring av forskjellige kursar/apparatur i eige hus. Det vil og vera mogleg å programmera styringa av forbruket ut frå kraftprisar eller tidsvariable overføringstariffar. Kunden kan og styra forbruket ut frå augeblikksforbruket, til dømes ved at ein "maksimalvoktar" koplar ut belastningar dersom forbruket overstig eit fastsett nivå.

Sentral laststyring betyr at styresignala kjem frå ein annan aktør enn kunden sjølv. Døme på ein slik aktør kan vera nettselskap, kraftleverandør eller ein leverandør av ENØK-tenester. Slik laststyring vil vera eit nyttig verkty for eit nettselskap moglegheit for styring av overføringsanlegga. Sikkerheita ved ein slik 3. parts tilgang er av særs viktigheit.

Teknologien vil og kunne omfatta dataverktøy for avlesing av eige forbruk. På denne måten vil forbrukaren fortløpande kunne fylgja utviklinga i eige strømforbruk.

Ved AMS vil straumforbruket verta lese av automatisk og fakturert basert på faktiske timeverdiar. Hyppigare avlesingar vil kunna gje hyppigare fakturering, dermed reduserte finanskostnader, betre handtering av kundedata og redusert kostnader til kundeservice.

Info frå Statens strålevern

Den automatiske straummålaren med tilhøyrande kommunikasjonsutstyr ligg godt innanfor fastsatte grenseverdiar for stråling og tilfredsstiller alle offentlege krav, viser oppdater informasjon frå Statens strålevern. 

Les meir hos Statens strålevern.