Voss Energi Nett AS skiftar namn til Vonett AS


Styresmaktene har vedteke at alle nettselskap i sin kommunikasjon og marknadsføring skal skilja seg klart frå alle andre selskap i det konsernet dei er ein del av. Endringa skal skje innan 01.01.2022.

Det betyr at Voss Energi Nett AS frå 01.01.2022, både i namn og grafisk profil, skal skilja seg klart frå Voss Energi AS, Voss Energi Kraft AS,
Voss Energi Produksjon AS, Voss Fiber AS og Hordaland Bioenergi AS.

Styret i Voss Energi AS har vedteke at det er nettselskapet som skal skifta namn og logo. Alle dei andre selskapa i konsernet Voss Energi vil halda fram med noverande namn og logo.

Det nye namnet til nettselskapet er Vonett AS. Namnet er eit resultat av ein namnekonkurranse mellom dei tilsette i Voss Energi. Grafisk profil/logo er utarbeidd i samarbeid med Logolink AS.