Kven har ansvar for kva?
Huseigar er sjølv ansvarleg for at det elektriske anlegget og det elektriske utstyret til ei kvar tid er i forskriftsmessig stand og at det vert brukt rett.
Vonett AS har normalt ansvaret for el-anlegget fram til huset, medan alt på innsida av huset er huseigars ansvar. Vonett AS er pålagde å føra tilsyn med alle el-anlegg innafor sitt forsyningsområde.
DLE rappporterer resultat av tilsyna til DSB.
I menyen til venstre finn du meir informasjon om eltryggleik og tilsyn.
Generelt om Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE)
DLE er ein del av nettselskapet. Fagleg er DLE underlagt «Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap» (DSB).
Voss Energi Nett AS er pålagde å føra tilsyn med alle elanlegg innafor sitt forsyningsområde. Det er (DSB), som legg føringar på kva tilsyna skal innehalda. DLE rappporterer resultata av tilsyna til DSB.
Oppgåver DLE utfører
Formelt er DLE sitt arbeid er forankra i Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr med føljande forskrifter.
For alle verksemder gjeld i tillegg Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder (Internkontrollforskrifta".
Kva er komfyrvakt?
https://www.youtube.com/watch?v=0RL-dlJ4-ZM
For å lade elbilen på ein trygg måte, monter eigen ladestasjon.
Etter lading, ta alltid ut støpsel/kontakten i bilen fyrst. (Dette fordi det er ein brytar i kontakten på elbilen som bryt ladestraumen før støpsel vert trekt ut).
Undersøkingar som er utført viser at dersom du lader elbilen i vanleg stikkontakt, er det stor fare for varmgang med tilhøyrande brannfare dersom ladestraumen er over 10 Ampere (A).
Undersøking viser at ladestraumen bør ikkje vera over 8 A.
Reglar for lading av elbilar.
Stikkontakt for lading av elbil skal vera på eigen kurs/sikring, sikra med maks. 10A.
Kurs/sikring skal vera beskytta med jordfeilbrytar type B med maks utløysestraum 30 mA.
Det skal vera montert hylle eller krok for å avlasta «unit» på ladekabel.
Det bør vera montert overspenningsvern på kursen/sikringen.
Utbetringar, nye anlegg etc er det godkjent installatør som skal utføra.
Følgjande kan du likevel gjera sjølv:
Dersom det vært avdekka feil eller mangel på det elektriske anlegget, må desse utbetrast av installatør.
Du kan kontakta oss for avtale om kontroll.
Alle verksemder er pålagt å ha eige internkontrollsystem som omfattar mellom anna, dei elektriske installasjonane og det elektriske utstyret.
Internkontrollsystemet skal skriftleg dokumentera:
Internkontrollsystemet skal tilpassast verksemdas storleik og virkeområde.
Internkontrollforskrifta finn du her: "Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter".
Korleis laga eit HMS-system.
DLE gjennomfører kvart år kontrollar av elektriske anlegg i bustader, hytter, driftsbygningar, mm.
Det er ein stor fordel at eigar/brukar deltek under kontrollen. Dette for å kunne gje informasjon om eltryggleik, likeins kunna gje forklaring på kva som er faren med dei avvik som eventuelt vert påpeka.
Vår inspektør vil fylgja leidningsnettet frå inntaket, gjennom sikringsskåpet og vidare frå sikringskursane og fram til tilkopla apparat og utstyr.
Døme under beskriv ein kontroll av ein bustad.
Inntaksboksen:
Sikringsskåpet:
Den faste installasjonen:
Tilkopla utstyr:
Saksgangen i ved kontroll og oppfylgjing:
Når me har motteke tilbakemelding om retting av feil/manglar, vil me vurdera denne og saka vert avslutta.
I dei tilfelle det vert avdekka alvorlege feil/manglar vil det verta sendt vedtak direkte.
I vedtaket er det sett frist for retting av feil/manglar. Innan denne fristen må også Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE) ha tilbakemelding om at feil/manglar er retta.
Når me har motteke tilbakemelding om retting av feil/manglar, vil me vurdera denne og saka avslutta vert.
Her er ei oversikt over farlege elektriske produkt:
Sjekk din varmtvassbredar
OSO Hotwater ynskjer at alle som har OSO varmtvassbredar som er produsert mellom 2009 og 2011, kontrollerer desse for varmgang i kopling.
Brannfarlige varmtvasssbredarar
Beredartype | Produktnr. | Produksjonsnr. (Fra-til) |
Super S 120 - 2 kW | 8 000 501 | 01/04/2010 31/01/2011 |
Super S 200 - 2 kW | 8 000 502 | 01/04/2010 31/01/2011 |
Super SE 200 - 2 kW | 8 000 516 | 01/04/2010 31/01/2011 |
Super SX 150 - 2 (+2) kW | 8 000 601 | 01/04/2010 31/01/2011 |
Super S 300 - 3 kW | 8 000 503 | 01/06/2009 31/12/2010 |
Super SX 200 - 3 (+3) kW | 8 000 602 | 01/06/2009 31/12/2010 |
Super SX 300 - 3 (+3) kW | 8 000 603 | 01/06/2009 31/12/2010 |
Super SC 150 - 3 kW | 8 000 801 | 01/06/2009 31/12/2010 |
Super SC 200 - 3 kW | 8 000 802 | 01/06/2009 31/12/2010 |
Super SC 300 - 3 kW | 8 000 803 | 01/06/2009 31/12/2010 |
Slik kontrollerer du om dette gjeld din varmtvassbredar.
Sjå merkelapp på toppen av varmtvassbredar, under eit grått avtagbart lokk. Dersom produktnummeret stemmer med nummer som er lista tabellen over, send produktnummer, produksjonsnummer, namn, adresse og telefonnummer på e-post til ledning@oso.no. Eller ring verksemdas servicesenter på tlf. 32256520.
Har du jordfeilbrytar som slår seg ut kan du følgja framgangsmåten som punkta beskriv for å finna kva kurs som har jordfeil.