Me har valt ein logo med sterke verdiar ein ekte Vossavèr som skal gje uttrykk for dei verdiar me vil stå for:
Me lever etter etiske retningslinjer og me tek HMS arbeid på alvor!
Logoen kan lesast på fleire vis. Ikkje alle ser vèren, men derimot vatn og bølgjer eller ein turbin noko som passar godt saman med vårt slagord: Rein Vossakraft!
Ledige stillingarDet varierer sjølvsagt om me har ledige stillingar eller ikkje, men du er velkommen til å senda oss din CV med tanke på framtidig rekruttering. Ta kontakt med oss på firmapost@vossenergi.no.
Karriere i vår bransje?
Kraftbransjen treng 4000 nye tilsette dei neste 10 åra. Utfordringar knytta til etablering av ny fornybar energi gjer at næringa treng fleire ungdomar. Vidare skal linjenettet i heile landet fornyast og forsterkast.
Bransjen er i vekst!
Dette gjer me på grunnskulenivå
Voss Energi har fokus på å auka interessa for miljøspørsmål og alternative energikjelder, energibruk generelt og ikkje minst auka interessa for realfag. Difor gjennomfører me undervisningsopplegget «fornybar framtid» for alle 10-klassingar i kommunen. Gjennom oppgåveløysing skal elevane setja seg inn i globale utfordringar, men også dei lokale utfordringane me har på Voss. Beste gruppearbeid blir kåra på finaledagen.
Dette gjer me på vidaregåande nivå
Voss Energi samarbeidar med Voss jordbruksskule om eit nytt opplæringstilbod. Den 3-årige linja «Klima, Energi og miljø» gjev spesiell studiekompetanse til dei fleste naturvitenskaplege studiar på høgskulenivå.
Meir om studietilbodet.
Meir om utdanning i våre fag.
Styre
Atle Neteland - Styreleiar
Bjørg Djukastein - Nestleiar
Unn Fauskanger
Jorunn Lødemel
Ernst Rønhovde - Valt av dei tilsette
Morten Helgaset - Observatør valt av dei tilsette
Varamedlemmer
1. Hanne Heggen Hedenstad
2. Knut Olav Nestås
Varamedlemmer valt av og med dei tilsette
1. Rune Rønhovde
2. Per Fosse
3. Kari Tesdal
3. Håkon Bø
Bedriftsleiing
Rune Nesheim - Adm. direktør
Jarle Lund - Økonomisjef
Yngve Tranøy - Prosjekt- og utviklingssjef
Per Berge - Marknadssjef
John Magne Herre - Dagleg leiar Vonett
Adm. direktør Rune Nesheim, rune.nesheim@vossenergi.no, mobil 917 10 599
Marknadssjef Per Berge, per.berge@vossenergi.no, mobil 916 73 014
Økonomisjef Jarle Lund, jarle.lund@vossenergi.no, mobil 971 81 978
Prosjekt- og utviklingssjef Yngve Tranøy, yngve.tranoy@vossenergi.no, mobil 922 10 098
Daleg leiar Vonett AS John Magne Herre, johnmagne.herre@vossenergi.no, mobil 959 94 572
Forretningsidè
Voss Energi konsern skal på forretningsmessig basis driva med energirelatert verksemd. Selskapet skal ha fokus på langsiktig verdiskaping for eigar og vidareutvikling med utgangspunkt i kundar, infrastruktur, kompetente medarbeidarar og lokal forankring. Voss Energi skal vera ein påliteleg, serviceinnstilt og miljøbevisst leverandør og samarbeidspart.
Visjon
I front med fornybar energi og kompetanse.
Vonett nyttar, som dei fleste større everk i Norden, Sellihca kvalifikasjonsordning. Dette betyr at leverandørar som ynskjer å levere varer og tenester til Vonett som hovedregel skal vera registrert og kvalifisert i Sellihca.
Ei registrering i Sellihca gjev ingen garanti for oppdrag frå Vonett, men leverandøren vil kome opp som mogleg tilbydar når det vert gjennomført marknadssøk i Sellihca-basen. Leverandøren vil då vera på "long-list" og enten motta konkurransegrunnlaget, eller vera gjenstand for eventuell ytterlegare kvalifisering dersom prekvalifisering føregår i fleire trinn. Det siste er vanleg på meir komplekse anskaffingar.
Det er to ulike nivå for registrering i Sellihca:
Standard registrering
Standard registrering kvalifiserer leverandøren for tilbod til energiselskap i heile Norden.
Lokal registrering
Lokal registrering er ein rimeligare ordning berekna på mindre bedrifter. Lokal registrering kvalifiserer for tilbod på eit begrensa utval produktkategoriar, og leverandøren vil være synleg for innkjøparen i kun 5 ulike fylke etter eige val.
Sellihca sikrar oss som kjøpar at enkelte basiskrav er oppfylt, og at ein del andre vesentlege detaljer er besvart. Fleire av postane i informasjonen nyttast som seleksjonskriterie og prekvalifisering for konkurranser. I registreringsprosessen skal ein mellom anna opplyse om fylgjande:
For å verta prekvalifisert må ein kontakte Sellihca:
Sellihca Qualification
Postboks 1817
4801 Arendal
Tel: + 47 37 06 35 30
Fax: + 47 37 06 35 31