Bygging


Skal du byggja eller grava? Treng du nyttige råd før byggjestart?

I menyen nedanfor er det lista opp nokre punkt som du vil ha nytte av dersom du skal byggja nytt eller utvida. Ta kontakt med oss så tidleg som råd og få gjort nødvendige avtalar. 

Det er mange omsyn å ta i samband med eit byggjeprosjekt - stort eller lite. Hovudregelen er at Vonett skal ha melding om alt arbeid som påverkar straumnettet. I menyen til venstre finn du oversikta over kva du bør tenkja på i samband med ditt  byggjeprosjekt, mellom anna om kostnader og retningslinjer for farleg arbeid.

Tilknytning

Stikkleidning blir utført med jordkabel eller luftstrekk. Det må avklarast med oss i kvart einskild høve korleis dette skal utførast. Skal det brukast jordkabel, er graving og påfylling av grøft ditt ansvar. Kontakt oss her

Installasjon

Den elektriske installasjonen i bygget skal meldast på førehand og utførast av godkjent installatør. Når anlegget er ferdig, skal ferdigmelding sendast. 

Anleggstilskot

Vonett kan etter forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer, § 17-5 fastsette eit anleggstilskot for å dekkje anleggskostnadane ved nye nettilknytingar eller ved forsterking av nettet til eksisterande kundar.

Føremålet med anleggstilskot er m.a. å gje kunden signal om dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved tilknyting og bruk av nettet.

Regelverk

Anleggstilskot skal behandlast og gjennomførast etter våre retningslinjer, og vere i samsvar med gjeldande standard tilknytingsvilkår for nærings- og privatkundar.

Kostnadsgrunnlag

Etter førespurnad frå kunde utarbeider vi eit kostnadsgrunnlag for det aktuelle anlegget. Det vert for større anlegg henta inn tilbod frå eksterne entreprenørar.

Botnfrådrag

Vonett nyttar ikkje botnfrådrag.

Eigarskap, drift og vedlikehald

Sjølv om eit anlegg blir finansiert med anleggstilskot, vil anlegget vere Vonett sin eigedom. Vonett har full disposisjonsrett over anlegget og vil bere alle framtidige drifts-, vedlikehalds- og reinvesteringskostnader for anlegget.

Sjå utfyllande informasjon i Rutinar for fastsetjing av anleggstilskot i Voss Energi

Grunneigarar

Dokumentasjon/Infomasjon for grunneigarar

Her finn du dokumentasjon/informasjon for aktivitet i Vonett sitt forsyningsområde.

Presentasjon grunneigarmøte Forsyning Myrkdalen mars 2015

Kabelpåvisning

Før graving startar, eller merkestolpar blir slått ned, må du få avklart om det er kablar i bakken. Du kan bli erstatningspliktig dersom du er årsak til skade på anlegg , om våre retningslinjer ikkje er fylgt. Lasta ned gravemeldingsskjema.

Gravemeldingskjema

Bygging ved luftlinjer

Ved alle typar aktivitet i nærleiken av høgspentlinjer må det utvisast ekstra aktsemd. Dersom kran eller gravemaskin o.l. skal brukast nærare ei høgspentlinje enn 30 meter, skal me varslast før arbeidet vert påbegynt. Grunneigarar og entreprenørar må setja seg inn i gjeldande regelverk.

Byggjestraum

Me leiger ut skap for byggjestraum. Skal skapet koplast til luftleidning set vi dette opp på næraste stolpe. Skal det koplast til kabel, må du setja opp eit solid stativ ved næraste fordelingskap, eventuelt ved enden av stikkleidning. Stativet må vera godt festa og avstiva. Du må i tillegg syta for at kabelen blir verna mot mekaniske påkjenningar, eventuelt med hjelp av plastrøyr som du kan tre på kabelen før den blir tilkopla.

For at du skal få byggjeskåp i tide, må du senda tinginga minimum 7 dagar før det skal monterast.

Ting byggjestraum i skjemaet. Nytt same skjema når du tingar demontering; Fyll inn naudsynte opplysningar for at me skal kunna identifisera  kva skåp som skal takast ned.

Du finn prisar for byggjestraum her.

Entreprenørar

Dokumentasjon for entreprenørar:

Retningslinjer for etisk handel
Taushetserklæring NVE

Installatørar

Melding om Installasjonsarbeid kan meldast av elektroforetak som støttar krav til «Forskrift om elektroforetak og kvalifikasjonskrav for arbeid knyttet til elektriske anlegg og elektrisk utstyr». 

Me ber om at installatørar som skal utføra installasjonsarbeid i Voss Energi Nett AS sitt nettområde nyttar denne linken «Elwin Installatør melding».

For tilgang ta kontakt på e-post: Marita Garen