Privat


Alle straumkundar på Voss vert automatisk kunde hjå Vonett. Me transporterer straumen heim til deg. Du må sjølv velja kven som skal vera din kraftleverandør. Ta eit aktivt val og unngå å betala ventetariff.

Kundeweb

Klikk på Kundeweb oppe til høgre. Dersom du ikkje har nytta denne før, så må du registrera deg med ein ny brukar. Då er det viktig at me har den korrekte e-postadressa di i systemet vårt. Er du usikker på dette, så ta gjerne kontakt med oss på 56528380 for å stadfesta dette. Du vil også kunne få PIN-koden din hjå oss. 

På Kundeweb finn du dei opplysningane me har registrert om deg, dine avtalar, forbrukshistorikk, økonomioversikt og kopi av fakturaer. Her kan du også registrera målaravlesing elektronisk. 

Personvern Me registrerer berre opplysningar som er naudsynte for å kunna levera straum til deg. Me har tausheitsplikt og handsamar opplysningane i samsvar med krava i Personopplysningslova. 

Du kan føla deg trygg når du besøker våre sidar, all personlig informasjon vert handsama på ein sikker måte.

Målaravlesning

Etter at nye, automatiske målarar har vorte installert treng du ikkje lesa av målaren din. Ynskjer du å få oversikt på målarverdiar og forbruk frå det nye systemet kan du gjera det på Kundeweb. Du må ha kundenummeret ditt for nett for å logga på nett sin kundeweb. 

Du kan også logga deg på elhuben med bankID. www.elhub.no

Har du ikkje kundenummeret ditt, så ta gjerne kontakt med oss på 56528380, så hjelper me deg å finna det.

Faktura


Efaktura og avtalegiro
E-faktura og avtalegiro tingar du i nettbanken din. For å tinga dette treng du efakturareferansenummer og KIDnummer for avtalegiro, båe finn du på straumrekninga di. Alternativt kan du ringja kundevadelinga. 

Betalingsutsettjing
Vil du ha utsett betalingsfrist må du be om dette før rekninga har ordinært forfall. Ta kontakt, så ordnar me det.

Dersom du er à jour med alle tidlegare rekningar, kan du få utsett betalingsfristen for halve rekninga med inntil ein mnd. Det betyr at du kan betala første halvdel innan ordinært forfall og neste halvdel ein månad seinare. På avdraget betaler du morarente.

Åpne skjema for betalingsutsettjing

Nettleige

Nettleige frå 1. juli 2022, Privatkunde  (nettleiga for 2023 vert lik som frå 1.juli 2022)

Frå 01.07.2022 har Olje- og Energidepartementet bestemt at alle nettselskap i Noreg skal ha ein ny modell for nettleige. Den inneheld kapasitetsledd og energiledd.

Kapasitetleddet er eit beløp pr. månad etter kor mykje straum du brukar samtidig.

Kapasitetleddet vert berekna i trinn med utgangspunkt i gjennomsnitt av høgaste forbruk i tre ulike klokketimar frå tre ulike døgn kvar månad.

Dersom du jamnar ut straumforbruket over døgnet, får du eit lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje straum samtidig.

Energileddet blir bestemt av kor mykje straum du brukar totalt (antal kilowattimar), og når du brukar straumen. Du betalar mindre per kilowattime om natta enn om dagen.  

Meir informasjon om ny nettleigemodell sjå https://www.energinorge.no/nynettleie sine sider. Her finn du ein illustrasjonsfilm om ny nettleige.

Bakgrunnen er at me best mogleg skal kunne utnytte den kapasiteten me allereie har i nettet ved å
jamne ut forbruket utover døgnet. Behovet for å byggje ut nettet vert dermed mindre og nettleiga kan haldast lågast mogleg.
Nettleiga vert basertpå ulike trinn etter forbruket til kvar enkelt straumkunde. Den faste nettleiga
slik me kjenner den er dermed bytt ut med Kapasitetsledd som går frå trinn 1 til trinn 10.
Ved eit jamnare forbruk utover døgnet kan ein som straumkunde unngå dei høgaste toppane.
Toppane oppstår når ein bruker mykje straum samtidig. Det er snittet av det høgaste forbruket i dei tre ulike klokketimane frå tre ulike døgn kvar månad som dannar grunnlag for kva trinn nettleiga for den enkelte kjem på, månaden etter. Straumkunden kan med denne modellen påverke kapasitetstrinnet og spare straum.


Prisar gjeldande frå 1.januar 2024

Redusert nettleige frå 1.mai 2023 prisar inkl mva

Prisar inkl. mva gjeldande frå 1.juli 2022.


NB! For 2023 gjeld redusert elavgift (11,45 øre/kWh) for jan-mars. Energileddet i denne perioden vert difor 42,10 øre/kWh dag (kl 06-22) og 35,80 øre/kwh natt (kl 22-06).

Her finn du standardvilkår for nettleige og tilknyting for forbrukar frå Energi Norge



Gjeldande nettleige fram til 1.juli 2022:

Nettleiga til private er todelt og består av eit årleg fastbeløp og eit energiledd i øre/kWh.

1. april 20221. januar 2022
Årleg fastbeløp inkl. mva.Kr. 3 125Kr. 3 125
Energiledd inkl. offentlege avgifter39,60 øre/kWh31,48 øre/kWh

Nettariffane vert redusert med verknad frå 01. januar 2022 for å tilpassa samla nettinntekt i høve til fastsett inntektsramme for nettverksemda. Reduksjonen tilsvarar reduksjon i forbruksavgift frå staten for januar-februar-mars 2022. For april-desember 2022 vert forbruksavgifta auka og energileddet aukar tilsvarande. Her kan du lesa meir om korleis nettleiga vert fastsett. 

Offentlege avgifter er frå 01.01.2022:

  • Enova-bidrag: 1,25 øre/kWh.
  • Forbruksavgift: 11,14 øre/kWh jan-mars 2022
  • Forbruksavgift: 19,26 øre/kWh april-des 2022
  • Alle prisar er inkl mva.


I perioden april-desember 2021, har me hatt eit redusert fastledd (60% reduksjon).

Offentlege avgifter er frå 01.01.2021:

  • Enova-bidrag: 1,25 øre/kWh.
  • Forbruksavgift: 20,86 øre/kWh.
  • Alle prisar er inkl mva.

Flyttemelding

Skal du flytta inn og overta ein leveranse?
Fyll inn dette skjemaet og send til oss, så har du teikna avtale om nettleveranse. Hugs at du også må inngå skriftleg kontrakt med ein kraftleverandør. 

Skal du flytta ut og avlutta ein leveranse?
Fyll inn dette skjemaet og send til oss, så vert avtalen avslutta

Leveringsplikt

Din leveranse består av to delar, ein monopolregulert del (nettselskap) og ein konkurranseutsatt del (kraftleverandørar). Dette inneber at du må inngå avtale både med Vonett og med ein kraftleverandør. Det er kostnadsfritt å byta kraftleverandør. 


Du må inngå skriftleg kraftleveringskontrakt med ein kraftleverandør. Dersom du ikkje har inngått slik kontrakt, vil Vonett levera kraft til på leveringsplikt. Du får då eit særskilt brev om dette frå Vonett, med ei oppfordring om snarast å inngå skriftleg kontrakt med ein kraftleverandør. 

Medan du er på leveringsplikt blir du avrekna slik:

Dei fyrste 6 vekeneSpot + 6,25 øre/kWh inkl.mva.
Etter dei fyrste 6 vekeneSpot + 10,00 øre/kWh inkl.mva.

Dei fyste 6 vekene Spot + 6,25 øre/kWh inkl mva Etter dei fyrste 6 vekene Spot + 10,00 øre/kWh inkl mva Prisinga av leveringspliktig kraftleveranse er regulert av NVE.

Standardvilkår

Fylgjande dokument utarbeidd av bransjeorganisasjonen Energi Norge definerer våre standard leveringsvilkår mot forbrukarar:

Her finn du standardvilkår for nettleige og tilnkyting for forbrukarar frå Energi Norge.

Leverandørbyte

Informasjon om leverandørbyte finn du ved å fylgja denne linken.