Framsida > Informasjon > Leveringskvalitet

Leveringskvalitet


Kva er riktig kvalitet på spenninga, kva påverkar den og korleis merkar ein det?

Norsk forskrift om spenningskvalitet har satt grenser for kor store avvik eller forstyrringar ein normal spenning kan ha. Den mest kjente og brukte grensa er tillat spenningsvariasjon innafor pluss/minus 10 prosent berekna av 230 V eller 400 V. I eit 230 V nett kan då spenninga liggja innafor 207 og 253 V.

Elektrisk utstyr som vert selt og kan nyttast i det norske straumnettet skal vera konstruert for å fungera innafor forskrifta sine grenser. Ved bruk skal utstyret heller ikkje skapa forstyrringar som fører spenninga utafor grensene.


Kapasitet i straumnettet

Nokre elektriske apparat/utstyr har imidlertid så høgt straumforbruk at nettselskapet må ha forsterka straumnettet før utstyret kan tilkoplast. For å oppretthalda spenningskvaliteten er det difor viktig at nettkundar gjer nettselskapet kjennskap til større utvidingar på førehand. Elektriske motorar i for eksempel store varmepumper, vasspumper, vedsager og silotaljer har høge startstraumar som kan skapa kortvarige spenningsfall, og i verste fall føra til utkopling av PCer og anna utstyr. I mange tilfelle kan nettet tåla slikt utstyr berre det påmonterast mjukstartarutstyr. Her tilrår ein frekvensomformar.

Variasjonar i spenninga og andre endringar i spenninga kan væra både raske og langsame. Dei raske spenningsvariasjonane er vanlegvis forårsaka av forbruksutstyr som slås av eller på i eige hus eller hjå nabo. Det kan også skyldast feil i elektrisk utstyr. Langsame spenningsvariasjonar kan vera at spenninga varierer f. eks frå 240 V om sommaren til 220 V om vinteren eller tilsvarande mellom natt og dag.

Eit anna forhold kan vera at det lokale straumnettet ikkje lenger har nok kapasitet etter fleire år med auke i forbruk. Då kan til slutt også mindre straumuttak frå  utstyr skapa synlege variasjonar i lysstyrken. Spenningskvaliteten til våre kundar er med andre ord eit resultat av eit samspel mellom kunden sitt eige forbruk og kapasiteten nettet er bygd for.

Korleis kan du merka spenningsvariasjonar? Dårleg spenningskvalitet, det vil seia spenning som ligg eller kjem kortvarig utafor grenseverdiane, kan forårsaka fylgjande forhold:

  • Blinking og/eller endringar i lysstyrken i lamper. I slike tilfelle er normalt variasjonen i spenninga ikkje så stor at det skaper problem for elektrisk utstyr som er tilknytta det same straumnettet. Normalt ligg spenninga innafor grenseverdiane.
  • Funksjonsfeil i elektrisk utstyr. Driftsforstyrringar der utstyr i kortare eller lengre periodar får feilfunksjoner eller utkoplingar. Spenninga er normalt utafor grenseverdiane. Nettet er for svakt eller startstraum er for høg. Kan også vera feil i utstyret.
  • Havari på elektrisk utstyr. Spenningsforholda kan også bli så alvorlrge i ein periode at elektriske apparat kan gå heilt i stykke og i verste fall også forårsaka brann eller branntillaup. Normal årsak er lyn eller feil i nettet. Også dårlegere isolasjonen i eldre eller støvutsatt utstyr kan skapa problem med lysblink og radioknitring før totalt havari som også kan enda i brann.

Kva gjer eg dersom eg opplever slike forhold? Ta kontakt med oss eller installatør. Me kan foreta berekningar eller målingar som kan avdekka om eventuell årsak er i leidningsnettet til din bustad eller bedrift.

Spenningsproblema forårsaka av forhold i eige straumnett eller utstyr i huset, må ordnast av installatør.